Det var Surnadal Arbeidarparti og Rødt Surnadal som stod som arrangør av 1. mai-arrangementet i Surnadal kulturhus. Annett Ranes kunne ønske rundt hundre deltakarar velkomne til markering av «arbeidernes dag» og starta arrangementet på tradisjonelt vis med Surnadal Hornmusikk og «Internasjonalen». Hornmusikken bydde på feiande tonar og hadde med Silje Beate Holten som solist i eit av numra. Korpset markerte og at Odd Magnar Møkkelgjerd var 60 år-jubilant som 1. mai musiker.
Dagens hovudtalar var Cecilie Søllesvik frå Angvik, som baserte talen sin på årets parole «Tryggheit for framtida». Tryggheita vi har i dag har slett ikkje koma av seg sjølv – tvert i mot er den resultatet av jobbing gjennom generasjonar, Cecilie ga uttrykk for stor skjepsis for den politiske utviklinga vi har i dag, presiserte at det er viktig at vi samlar oss for å jobbe kjempe vidare – vi må snu makteslause til verdigheit.

15-åringen Mie Aune heldt dagens apell – vi krever antendig lønn for vårt arbeid. Foto Jon Olav Ørsal
Hotellstreiken som pågår i dag er viktig, for den går ut på å kjempe for ei rettferdig lønn og auka kjøpekraft, og for at bedriftene skal forskuttere utbetaling av sjukepengar frå Nav – ein rettigheit dei fleste av oss har i dag. For å vinne fram må vi stå saman og være solidariske.

Dyktig solist for Surnadal hornmusikk – ho song Edith Piaf med ei imponerande stemme. Foto Jon Olav Ørsal
Vidare var det kaffepause før Mie Aune slapp til med sin appell. Mie Aune er 15 år og representerer i høgaste grad ungdomsgruppa i samfunnet og «Tryggheit for framtida» passar godt til hennar apell. Ine var oppteken av tryggheit for ei lønn som det går an å leve av og vil ha eit arbeid som betyr noko. Annett Ranes tykte at ungdom som tek slike utfordringar lovande med tanke på framtida.
Vidare var det musikalsk innslag med Peder Vaagland – ung og lovande musiker frå Halsa. Han hadde eit variert program, som spente seg frå deLillos «Smak av honning» til Prøysenvisa «Graset er grønt eille». Siste post var trekning i lynlotteriet som ga mesta 22.000 til arrangøren.

Ung og lovende – Peder Vaagland sørga for god underhaldning med song og musikk frå pianoet. Foto Jon Olav Ørsal
Trekningsliste for 1. mailotteriet – last ned som PDF-fil



