Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vinterferie – fint skiføre i fjellet

Vinterferie – fint skiføre i fjellet

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. februar 2013

Todalen idrettslag held løypene opne fra Innerdalsmerket til Skihytta via Tristeinan, og frå Øyalia til Skihytta. Løypene er kjøres opp med snøskuter, og Arnt Ivar Brøndbo rapporterer kjempefint skiføre i høgda.  Frå Jon Bruset har vi fått nokre flotte bilde frå tysdagens skitur i området, og han skriv i ein e-post til Todalen.no at det er ingen grunn til å sitte heime når det er så fint i vêr og føre i fjellet.

Dermed kan vi berre anbefale alle som har høve til å finne fram vinterutstyret, og ta skiene fatt. Så kan du tilpasse turen etter forma og hugse på å ta med nok klær og mat når du drar i veg.  God tur!

Først publisert: 20. februar 2013, 06:00 - Sist oppdatert: 19. februar 2013, 23:21