Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vinteres siste krampetrekning?

Jon Olav Ørsal Måndag 11. mai 2020

Vêrgudane spelar ikkje akkurat på lag med dei som no ønskjer seg fint vårvêr for å drive med meir vårlege aktivtetar som våronn og hagestell.  Andre dagen på rad vaknar vi opp til nysnø, om ikkje akkurat skiføre.  Den blaute nysnøen kjem nok bort like snart som den kom, dersom vi får eit solgløtt i løpet av dagen. 

Langtidsvarselet på yr.no varslar meir nedbør og framleis kald luft, så vi kan vel risikere at vi kanskje får meir blaut nysnø eit par dagar framover – før det etterkvart blir litt meir vårleg temperatur.  Yr.no lovar iallfall meir varme i slutten av veka, og da kan vi iallfall rekne med at plena blir grøn og fin.  Men sola kan vi berre sjå langt etter i 10-dagersperioden vi er inne i. På nasjonaldagen, 17. mai, meldes det sør- og vestleg vindretning og regn. 

Publisert: 11. mai 2020, 09:29