Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vinteren kryp innpå oss…

Jon Olav Ørsal Fredag 6. september 2019

Nysnøen i Snøfjellet, Skjeringfjellet og Grinaren minner oss om at vinteren er i kjømda.  Natt til torsdag var minimumstemperaturen nede på 3 grader, medan natt til fredag var ein grad betre med 4 varmegrader – men enno inga frostnatt her på bruket. 

Når Snøfjellet og Skjerdingfjellet tredde fram frå skodda fikk vi sjå at snøgrensa ligg ned mot 8-900 meter og det er nok ikkje så uvanleg når vi har nådd september. 

Vi kan iallfall gi deg som skal delta på Trollheimsmarsjen råd om å ta med godt med klær og nok mat på turen over fjellet frå Ålvundeid og til Todalen. Men vêrmeldinga til søndag er bra og det blir nok ein fin tur over fjellet!

Publisert: 6. september 2019, 17:18