Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vinteravslutning med skitur

Jon Olav Ørsal Måndag 6. april 2020

Todalen Bodybyggarlag er sjølvsagt hardt ramma av koronakrisa som herjar landet. Vanlegvis har dei aktivitetane sine enten på Hett& Svett eller på Tjønnmyran på måndagskveldar. I kveld hadde dei avslutning på vintersesongen, og det var planlagt tur til Talgøsetra etter den oppkøyrte traseen. Men slik gikk det ikkje, for løypa gikk ikkje forbi Talgøsetra.

Deltakarane klaga på tungt føre, med nysnø og 11 varmegrader – og fønvind. Her ligg Odd arild sande i tet. Foto: Terje T.

Så turen gikk vidare og dei hamna på Reiret i staden.  her var dei tilbydd å kome inn på kaffelag, og det gikk akkurat innafor ramma for avstand på 2 meter til kvarandre og til deltakartalet på 5 personar. Ein vellukka kveldstur for deltakarane og no står sykkelsesongen for tur – da blir det nordvikgardingane som må halde eit auge med dei!

Publisert: 6. april 2020, 21:18