Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vi må hjelpe dei unge inn på eigedomsmarknaden

Elinor Bolme Torsdag 25. juli 2019

Utbygging av leilighetskompleks har vore aukande dei siste åra i Surnadal. Fleire godt vaksne går frå einebustader til leiligheter sentralt med alt på eitt plan. Og fleire av einebustadane i sentrale strøk blir selde for ca 2 millionar, minst. Men her er det ei kjøpegruppe som ikkje har ein sjanse, og det er dei nyutdanna som vi har fått heimatt til bygda, fortel Annett Ranes og Egil Nedal i Surnadal arbeiderparti.

-Vi har eit partiprogram kor vi ønsker planer for boligar og tomter, men når vi går oss sjølve litt etter saumane så ser vi kanskje at det er ei gruppe vi har gløymt når det gjeld å eige eigen bolig; den einslege unge, seier ordførarkandidat Annette Ranes. -Berre i sommar har eg vore i tal med fire stykker som kunne tenkt seg å eige eigen bustad, men som er åleine og derfor ikkje er i stand til å etablere seg med ein ordinær einebusbtad eller i ei av dei nye leilighetene her på Skei i denne prisklassen. 

-Vi kan derfor ikkje berre tenkje tomter og bustader opp i mot familiesamanheng, der det oftast er to inntekter involvert. Vi ønsker derfor å utfordre utbyggjarane til å tenkje nytt og mindre, seier Egil Nedal. Tilpassa unge einslege med alminneleg inntekt eller lærlingar som er i avslutningsfasen, kor arealet per leilighet ligg frå 18-40 m² og prisen blir deretter. -Gammelsamvirkelaget midt på Skei er etter kva vi forstår eit bygg kor dette kunne vore aktuelt å realisere noko i, fortsett Nedal. -Enkle leiligheter som einslege kan bruke som eit springbetett til større bustad etter kvart med oppspart eigenkapital.

Sunndal har liknande bustader etter at behovet for arbeidskraft på aluminiumsverket auka på 50 og 60-talet, og Todalen fekk det etter at Talgø var på topp midten på 90-talet. Kan Surnadal kommune i samarbeid med andre aktuelle aktørar også klare dette sentralt i Surnadal undrar dei to? 

Todalen har fire mindre leiligheter i Kvendset Borettslag. Desse vart oppsett i 1998, og har ved fleire anledningar vore i hende av førstegongsetablerarar. Innan eitt års tid vil faktisk ei av dei igjen komme for salg. Kanskje er det ein ungdom som vil heimatt?

 

 

Først publisert: 25. juli 2019, 05:30 - Sist oppdatert: 24. juli 2019, 21:41