Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vi må bli meir medvitne til nynorsken

Elinor Bolme Torsdag 17. november 2016

Det var det klåre budskapet til den nyvalde leiaren i Noregs Mållag, Magnar Aasbrenn under dagens språkstafett på Kløverstua. Det var Surnadal heimbygdlag som sto for arrangementet, og leiar Trygve Roaldset sa seg enig i at vi må auke fokuset på nynorsk som «vårt» språk også her på Nordmøre. Dialekta vår ligg så tett opptil nynorsk, at dette ikke bør vera argument for ikkje å ønske auka bruk av denne målforma. Derfor er det frå eit pedagogisk perspektiv viktig å vise at nynorsken er eit skriftspråk som faktisk er i bruk i kvardagen.

Trygve Roaldset

Leiar i Surnadal Heimbygdlag Trygva Roaldset ønska velkommen til Språksatfetten. Ein stafett for å sette fokus på språkbruk i næringsliv og det offentlege.

Vi tenkjer kanskje ikkje nødvendig vis på det i det daglege, men vi omgir oss med nynorsk naturleg i både i form av dikt, romanar, tekstingar på fjernsyn (NRK) og diverse trykksaker.

magnar aasbrenn

Aasbrenn er sjølv fra Østfold, og kunne tydelig sjå sammenheng mellom auka synlegheit av nynorsk til auke i bruken. Her illustrert ved TINE sin sommarreklame i Fredrikstad.

Og det er her vi absolutt har meir å hente både i reklameteksting, skilting og ikkje minst hos næringslivet. Og reknestykkjet til Aasbrenn var ganske lett; norksdom+kultur+natur=nynorsk. Og ja, nynorsk er no i det multinasjonale samfunnet vorte kult, fortel Aasbrenn. Den som brukar nynorsken skil seg ut, og får meir oppmerksomheit.

Dette var også Gudmund Kårvatn enig i. Kårvatn Fjellutstyr AS er ein av 12 nominerte til Nynorsk næringslivspris 2016. Firmaet er nominert på bakgrunn av sin bruk av nynorsk som det foretrukne skriftspråk som ein identitetsbærar for all verksemd på Kårvatn, ikkje berre innan salg av sportsytstyr, men også i gardsdrift og turisme. -Nynorsk er eit solid og godt språk som våre ansatte brukar både i tale og tekst. Både i dagleg kundekommunikasjon og på sosiale medier.

Av andre nominerte til prisen kan nemnast store namn som Sogndal Fotball, Godt brød, Dyrskur’n i Seljord og Hotel Union Geiranger, som forøvrig har ein assisterande hotell- og salgssjef frå Todalen; Tone Nordvik. Kven som får prisen blir offentleggjort neste fredag.

gøran bolme

Gøran Bolme sto for det kulturelle denne dagen, med sjølvskrevne tekstar på dialekt. Han fekk rosande omtale. Her framførte han ei tekst frå neste oppsetting i Sagatun 11. desember: «Jakten på det perfekte juletreet».

 

 

 

 

 

Publisert: 17. november 2016, 19:35