Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vertikal med god VM-innsats frå Erik – vart nr 10

Jon Olav Ørsal Torsdag 4. mars 2021

Nok ein dag med VM-løp er unnagjort for todalingen Erik Kårvatn, som er med og kjemper om medaljene oppi  fjellene i Andorra.  I dag var det vertikal som stod på programmet, og det vil seie at kampen stod om å kome seg fortest mulig frå startpuntet og opp til toppen av anlegget. 

Full fart i løypa – biler saksa frå strøyminga av løpet. Foto: VM

Her gjorde Erik ein skikkeleg innsats med ein «Nordtug-spurt» i innersvingen, han avanserte heilt opp til en 5. eller 6. plass som han klarte å halde ei god stund.  Men det var også andre som hadde krefter til å spurte, og til slutt endte Erik på ein flott 11-plass 1:19.52 etter førstemann som var austerrikaren Nils Obermauer som var suveren med over 20 sekunder avstand til nr 2.  

Erik er veldig god nøgd med si plassereing, og han seier at det er veldig godt å erfare at han er i god form og klarer å prestere gode resultater. Det er slett ikkje verst å ta ein 11-plass sammen med 27 VM-deltakarar i klasse U18M – juniorklassen.  Her kan du sjå og laste ned resultatlista frå dagens vertikakonkurranse i Andorra.

Etter løpet vart det lagt inn protest på Eriks plassering på 11. plass. No har  juryen funne ut kva som e rett, og det gikk i Eriks favør.  Og dermed er Erik på «Topp 10»! Det er også verdt å merke seg at han slo konkurrenten Julian Tritschner som tok gull i sprinten for eit par dagar sia.

Vi har også i dag fått mange bilder som er lagt ut i galleriet nedafor Alle foto i galleriet:  Gudmund Kårvatn

Frå starten – her gjeld det å kome i posisjon. Foto frå VM

I relativ samla tropp enno

Full fart midtveis i løpet

Etter målgangen – det var nok mange som «ga alt» på turen opp! Det tok fleire minutt før Erik komseg på fotane igjen eller løpet, fortel faren Gudmund. Foto VM

Oppdatert resultatliste – juryen bestemte at Erik kom inn på 10.-plass!

Publisert: 4. mars 2021, 14:32