Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vennskapeleg og fartfylt lokaloppgjør.

Jon Olav Ørsal Lørdag 12. august 2017

Treningskampen mellom Todalen og Søya på Bordholmen laurdag ettermiddag, vart både artig og fartsfylt, og det vart godt kjempa av begge laga.  Både Todalen og Søya hadde fått litt forsterkingar til laget, og det var sjølvsagt med og gjorde kampen litt meir publikumsvennleg. 

Lagbilete etter kampen – både Todalen og Søya – dessverre mangla nokre på Søyalaget. Foto: Jon Olav Ørsal

Alt etter nokre få minutt sørga Brage H. Talgø for å prikke inn det første målet for heimelaget, men Søya reduserte straks etterpå og låg faktisk i leiing da dei la på til 1-2. I andre omgang låg imidlertid heimelaget godt over  bortelaget, og reduserte først til 2-2 før dei sikra seg overmakta med 3-2 som og vart sluttresultatet.

Ein artig kamp der mange gjorde ein god innsats –  kampens dommar var Øyvind Dalen frå Rindal I.L.

Det var fart over dagens lokaloppgjør mellom Todalen og Søya. Foto. Jon Olav Ørsal

Her sitt ekspertisen . frå venstre Nils Øyen, Hans Gundersen, Per Reiten, Gudmund I. Kvendset og Johan K. Ørsal. Foto: Jon Olav Ørsal

…Og her går ballen forbi Søyakeeperen og rett i mål. Foto: Jon Olav Ørsal

Dagens protrett på oppfordring! – Ta et bilete tå meg….. Natascha Maria og Gunnar Nordvik var på kampen. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 12. august 2017, 16:56