Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Velsmakande bacalao og heder til ivrige trimmarar

Elinor Bolme Sundag 29. oktober 2017

Bortimot 100 personer møtte opp når Todalen Idrettslag inviterte til middagsservering i ungdomshuset i dag. På menyen sto bacalao og sviskergraut, og folket sette pris på både den velsmakande maten og ikkje minst ei anledning til å treffe kjentfolk på ein ellers så grå søndag.

Middagsservering

Hovedstyret i idrettslaget var arrangør av middagen, og dei hadde fått god hjelp i kokinga av Åse Ville Redalen. Og med klippfisk frå Tustna vart det mykje godord å få frå dei frammøtte.  Det var naturleg vis rikeleg med mat, og fleire benytta anledninga til å kjøpe med seg ein porsjon eller to heim.

Deler av kjøkkengjengen som i går kveld hadde dekt på til 78 personar inne i storsalen.

Og borda vart fulle ganske så fort. Dette er eit kjærkomment tiltak i bygda. Folk sett pris på tiltaket, og applauderte for reprise.

Inntekta frå dagens middag skal gå til drifta av ungdomshuset, fortel John Moe. I tillegg var det loddsalg undervegs, med mange fine premier der dei frammøtte støtta opp.

Og med ei skål heimlaga sviskergraut med fløtemelk til slutt var det kanskje fleire enn Johan K som kunne tenkt seg ein liten pust i bakken.

Nei da, søv ikkje. Berre fotografen som var uheldig med utløysaren.

Premiering for store og små

Men ikkje berre eting sto på programmet. Ski og friidrettsgruppa benytta anledninga til å dele ut både deltakarpremiar til lagseriestemne, barn i løypa og på dei ni trimbøkene som idrettslaget har utplassert rundt om i Todalen.

Kun Martin, Markus, Sivert og Fredrik var av dei 30 deltakarane som møtte opp for å motta diplom og deltakarpremie etter årets lagseriestemne og barn i løypa.

Etterpå var det utdeling av krus til dei med flest turar rundt om på dei ni trimbøkene som idrettslaget har i bygda. Og her kunne trimsjef Jorun Nordvik melde om gode turvanar blandt todalingane også i år, der Løfta toppa med heile 1095 besøkjande:

  • Dalasetra hadde 260 registrerte besøkjande; Ola Røen med flest turar og Martine Øyen vart uttrekt.
  • Haukarsteinen hadde 389 besøkjande; Alf Inge Ulvund med flest og Stig Husby vart uttrekt.
  • Tølgøsetra hadde 571 besøkjande; Mari Redalen med flest og Sindre Bruset vart uttrekt.
  • Tårnet med 290 besøkande; Ragna Kvendset med flest og Torkjel A Moe vart uttrekt
  • Storhaugen med 660 besøkjande; Dordi Jorun Halle med flest og Britt Mossing vart uttrekt
  • Fauskhjellen med 305 besøkande; Jan Ludvik Rendal med flest, og Øyvor Husby vart uttrekt
  • Ansnessetra med 132 besøkande; Olav Gjeldnes med flest og Frode Grønmyr vart uttrekt.
  • Gammelsetra med 379 besøkjande; Eilert Kjølstad med flest og Jakob Ranes vart uttrekt.
  • Løfta med 1095 besøkjande; Tor Holten med flest og Anders Todalshaug vart uttrekt.

Tor Holten klinka til med 219 turar til Løfta siste trimbokår. Eit år som går frå 1. oktober.

Dordi Jorunn Halle fekk kruset for nesten 80 turar på Storhaugen.

Medlemsregistrering

Attast i lokalet satt Michal Heimlund og registrerte nye brukarar i den nye medlemsportalen som alle idrettslag no er pålagt å bruke.

Michal kjem til å sitte på Matkroken ved seinare anledningar for å komplettere medlemsbasen ytterlegare. Er det nokon som er usikre på kva som må til for å få registrert seg er det berre å ta kontakt.

         

 

Publisert: 29. oktober 2017, 18:16