Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vellykka sjøfiskekveld på Nordvik

Elinor Bolme Laurdag 8. juli 2017

Fredagskveld arrangerte fiskeutvalget i Surnadal Jeger og Fiskerforening sjøfiskekveld på Nordvik. Med fint vêr, god temperatur og regn som held seg på betryggande avstand møtte heile 24 ungar opp for å prøve fiskelykka på Todalsfjorden. -Dette er jo ny rekord i år óg, kunne Gøran Bolme i SJFF fornøgd konstatere.

Alle ungane som ville, fekk være med ut i båt for å prøve fiskelykka, og det var opplagt til konkuranse for både størst og flest fisk. Men om ikkje alle båtane kom inn med fisk, så fekk ein nå i alle fall høve til å sjå og ta på ulike etterpå. Torsk, sei, makrell, hestmakrell, knurr og uer var nokre av fiskeartene dei kom i land med. Etter at alle var kommet inn att frå den ca. to timer lange fiskekonkurransen var det dratt opp rundt 40-50 fisk. Dermed ble det god stemning rundt grillmaten med måling og diskutering om kven som hadde fått størst, minst og mest fisk.

Deretter vart det utlodning av flotte premier og utdelt premie for minste fisk, mest fisk og den største fisken. Den aller største fisken var ein klar vinnar og det var Edel Therese Karlsen som dro opp en storsei og fikk hovudpremien med ei flott fiskestang!

Til slutt vart all fisken sløya etter alle kunstens regler av vert og primus motor Ola Røe. Ola Røe skal ha stor takk for å åpne opp det flotte anlegget sitt på Nordvik for dette arrangementet.

Under er nokre bilder frå arrangementet på Nordvik. Alle foto ElinorB.

Publisert: 8. juli 2017, 09:50