Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vellukka sommaravslutning ved Todalen oppvekstsenter

Dordi Jorunn Halle Onsdag 15. juni 2016

Tysdag kveld var det duka for felles sommaravslutning for barnehagen og skulen i Todalen. Gymsalen var fullsett da leiar i FAU, Bjørn Gunnar Ansnes, ønskte velkomen. Både familie og vener av ungane ved oppvekstsenteret møtte fulltalig opp!

IMG_8649

Maren og Karoline – stødige programleiarar. Foto: Dordi J H

Dyktige programleiarar for kvelden var Maren frå femte klasse og Karoline frå sjette klasse. Programmet starta med at alle elevane i lag song «No e sola komma» frå scena – og song gjorde dei sterkt og flott!

IMG_6025

Ungar frå barnehagen song og rappa. Frå venstre: Jakob, Martine, Nathalie Astrid, Jens Sancho, Lars Ailo, Ådne, Trygve Aleksander, Edvard, Fredrik, Natasja og Lisa. Foto: Dordi J H

Deretter var det ungane frå barnehagen som entra scena. Dei hadde hatt tema om fuglar denne våren, så dei song sjølvsagt «Alle fugler små de er», og det med full innsats. Etterpå vart det ulike versjonar av «Bæ, bæ lite lam » – mellom anna flott og artig rapping!

IMG_8658

Første og andre klasse. Frå venstre: Tor Asbjørn, Sivert, Nils Erik, Markus, Hallvard, Maria, Nicole, Selma og Aleksandra. Foto: Dordi J H

IMG_8670

Her blir «Kjerringa med staven» framført. Foto: Dordi J H

Første og andre klasse imponerte med to songar ispedd drama, først «Se min kjole» – her hadde dei laga nye vers for å få litt likestilling: «Se min bukse ….» artig! Etterpå vart det «Kjerringa med staven».

IMG_6033

Familien Blom. Frå venstre: Edel Therese, Nora. Ylva Synnøve og Johan. Foto: Dordi J H

IMG_8675

Mor og dotter Blom. Edel Therese og Nora. Foto: Dordi J H

Elevane i tredje og fjerde klasse viste først eit artig skodespel: «Familien Blom» – og både forteljarar og skodespelarar imponerte! Dei følgde opp med ein engelsk song.

IMG_8683

Her er det song. Frå venstre: Johan, Edel Therese, Ylva Synnøve, Van Adrian og Shan Allan. Foto: Dordi J H

Elevane frå femte, sjette og sjuande trinn inviterte publikum ut i hallen på filmframsyning – dei hadde nemleg i løpet av vinteren spela inn tre filmar: Ein miljøfilm og to «skrekkfilmar» – filmane var skikkeleg bra laga og skodespelarane dyktige.

IMG_8693

Spent publikum klare for filmframsyning. Foto: Dordi J H

Til hausten startar det tre nye elevar i første klasse: Martine, Jens Sancho og Trygve Aleksander. Dei vart ønskte velkomne til skulen av Britt Mossing, og dei presenterte seg sjølve ved å seie namna sine høgt og tydeleg frå scena.

IMG_6040

Jens Sancho, Trygve Aleksander og Martine begynner på skulen til hausten. Foto: Dordi J H

Denne våren er det fire gutar som sluttar etter sju år ved Todalen skule og mestå like mange år i barnehagen: Henrik, Lars, Sindre og Erik. Dei takka for seg ved å dele ut fine kort og jordbærplanter til dei tilsette ved oppvekstsenteret. Britt Mossing takka dei for laget og ønskte dei til lukke på Ungdomsskulen, ho rosa dei fire gutane for stor kreativitet! Solvor Røen som har arbeidd ved Todalen oppvekstsenter i heile 17 år, sluttar også, ho blir frå hausten å finne ved Stangvik skule.

IMG_6038

Solvor Røen takka for 17 år i Todalen. Foto: Dordi J H

I pausen vart det servert saft og kaffe med mykje godt attåt, loddsalg og trekking avslutta ein flott og triveleg kveld!

 

 

Publisert: 15. juni 2016, 00:46