Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vellukka matkurs

Vellukka matkurs

Kristine Saksen Ulvund Fredag 25. februar 2011

Torsdag kveld var 10 spente jenter samla på skulen for å få ei 
innføring i Asiatisk mat.
Mali Brusethaug var ein tålmoldig og dyktig kurshaldar. Ho hadde god 
hjelp av Carina, som var nestkommanderande, under heile kvelden.
Mali og Carina hadde vore i Trondheim for å handle dei «rette» 
ingrediensane i ein Asiatisk butikk.

Tilsaman vart det gjenomgått og tilbereda 5 rettar: Vårrull, Kinesisk 
suppe med Wonton, Svinespyd og Kyllinspyd med peanøtt saus, Kylling i 
karri og Innbakt svin.

Etter nærmare 4 timer med inspirerande matlaging sto 5 fantastiske 
rettar på bordet. Alle smakte på alt, som virkeleg svara til 
forventningane.

Slik som det ofte brukar, vart det også denne kvelden laga i 
«overkant» nok mat, men alle tok med litt heim, så enda fleir fekk ta 
del i denne kulinariske opplevinga! I kveld går også ein runde med det same kurset.

Her er nokon bilder frå ein særs vellykka kveld. (Du får fram biletet fordi om det visest eitt kryss på det:-) )

Alle foto : Kristine Saksen Ulvund

Bilettekst : Elinor Bolme

Publisert: 25. februar 2011, 21:40