Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vellukka årsmøte i historielaget

Vellukka årsmøte i historielaget

Jon Olav Ørsal Fredag 11. mars 2011

Todalen historielag samla eit trettitals medlemar til årsmøtet i ungdomshuset torsdag kveld. Styret fekk applaus for årsmeldinga som la for dagen eit aktivt år i 2010. Laget har 171 betalande medlemar, og det dokumenterer ei stor interesse for bygdehistoria når det er rundt 330 innbyggjarar i bygda. Gjennom året har det vore mange arrangement og laget har gjeve ut årsskrift som kom på seinhausten.

Årsmøtet gjekk fort unna, og dei viktigaste sakene var nok valg og samanslåing med Halsesamlinga. Heile styret tok gjenvalg, og det vart einstemmig vedtak om å leggja Halsesamlinga inn under historielaget.  

Styret orientete om planane for 2011, der det er planer om å lage både jubileumsskrift for Todalen kyrkje og nytt årsskrift. Todalskyrkja fyller i år 150 år, og i høve jubileumsskriftet etterlyser redaksjonskomiteen bilder frå kyrkja og kyrkjelivet for bruk i skriftet. Har du gode bilde så er det berre å ta kontakt med Ingri Bruset eller Ragnhild Ansnes Moe i «Skannerpatrulja».

Ragnild og Ingri hadde også ansvaret for kveldens underhaldningsinnslag. Dei har reint tilfeldig kome over nær 170 gamle passbilde frå krigens dagar. Da var det fotografering av alle i bygda med tanke på produksjon av identitetskort. Desse bilda hadde dei digitalisert og viste dem som lysbilde, noko som fanga stor interesse hos møtelyden.

Etterpå vart det servert tradisjonell kveldsmat. Styret hadde dekka koldbord med god og sunn mat, og det sett folk stor pris på. Vidare fortsett kvelden som vanleg medlemsmøte, og det var «idemyldring» med tanke på arbeidet vidare, og sjølvsagt tid for litt prat over bordet. Maren hadde premiere for historielagets nye logo. Line Kvendset hadde sørga for grafisk formgiving av den nye logoen, som fall i god smak hos publikum.

Publisert: 11. mars 2011, 06:00