Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vel blåst for ny asfalt på Nordvik

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. september 2019

Fredag ettermiddag kunne Veidekke Industri avslutte arbeidet med å forsterke 4,9 km av fylkesvegen inn til Todalen. Vegen er forsterka med eit 10 cm tjukt lag med asfalt frå Åsbøen og meir eller mindre samanhengande til Svinviks arboret. Dermed er det svidd av rundt 5,7 mill. kroner som har gjort vegen solidare og meir slitesterk, og dette vil vi nok ha glede av i mange år framover.

Dei siste metrane får ny asfalt torsdag ettermiddag. Foto: Jon Olav Ørsal

Asfaltarbeidet har stort sett gått greit både for asfaltleggarane og for trafikkantane, sjølv om det enkelte gonger har vore litt tolmodhardt. Morten Kleven Weiseth som har vore trafikkvakt seier at trafikkantane har vore tolmodige og greie å ha med og gjøre.  Litt ekstra tolmod måtte mobiliseres i går og i dag, medan asfaltering mellom Rabbleet og Haltbakkvegen vart asfaltert. Her var det så smalt at det ikke var mulig å passere for trafikken.  No er det berre måling av kantstriper som står att.

Ola røe hadde orkesterplass på oppå balkongen – han sett stor pris på at det blir ny asfalt på vegen innover til Todalen. Foto: Jon Olav Ørsal

Litt kø vart det etter kvart, men vegen vart opna presis kl 13.15 slik som annonsert – godt jobba av Veidekke Industri Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 19. september 2019, 13:03