Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vegarbeidet i Falla er i gang

Jon Olav Ørsal Fredag 16. desember 2016

Arbeidet på rasstaden i Falla er så smått kome i gang. Per Gjeldnes Maskin jobbar no med gravemaskin og lastebil for å få ut leire og lausmasse, og fyller så på med stein for å  prøve å få eit skikkeleg fundament i vegen. På ein bit av vegen er det meste av  vegbanen borte, så det er betydeleg med masse som skal til for å fylle opp igjen.

Her skiftes det put masse – stein erstattar leira. Foto: Jon Olav Ørsal

I starten av neste veke kjem det geoteknikar til rasstaden i Falla. Det vil da bli bora på fleire plassar, for å kartleggje korleis grunnen er slik at vi kan ta ei avgjerd om kva som må til for å få stabil og sikker veg opp Falla. – Vegen er fortsatt stengt, og vil bli stengt i neste veke, seier oppsynsmann Gunnar Bøe i Surnadal kommune.

Vegen opp Falla vart bygd på 70-talet – sannsynleg vis i 1978 og erstatta da gammelvegen som gikk opp falla ved Gammelfabrikken og oppover forbi dammen. Denne vegen er usikra og ikkje i god nok stand til at det går an å sette på trafikk der, så difor er  den vegen stengt for biltrafikk.

Slik ser det ut fra markavegen som går opp til Gammelfabrikken. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 16. desember 2016, 11:42