Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vart dregen utfor fossen av vannmassane?

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. juni 2020

Ein kronhjort som prøvde å ta seg over Toåa ovafor Storfossen hadde ikkje akkurat hellet med seg.  Hjorten mista sikkert fotfestet og dermed bar det utfor fossen og da er sjansane små i slike vannmassar som det er no. Vassføringa i Storfossen har dei siste dagane lege mellom 35 og 60 m3/sek.

Men hjorten har sikker vore i live og klart å kare seg i land ved Falløya, men her var det nok slutt både på krefter og liv. Den vart funne ved ekkerkanten og da var den daud.  Dermed har ein med fallvilt å gjera. Når ein treffer på fallvilt i skog og mark er det mest vanleg at naturen får gå sin gang, men når dyr blir liggande så nært bebyggelsen er det naudsynt å fjerne dei – ikkje minst pågrunn av lukta. Her ka du lese meir om regelverket for fallvilt på portalen hjortevilt.no 

Ibakgrunnen glimtar ein Storfossen som no har stor vassføøring. Foto: Jon Olav Ørsal

Toåa ved Storfossen – her har det vore stor vassføring dei siste dagane – mellom 35 og 60 m3/sek. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 16. juni 2020, 20:30