Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vårløysinga er i full gang.

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. juni 2020

Tida for vårløysing i fjellet er forlengst komen, og sjølv om vi opplevde å få mykje nysnø for 2-3 veker sia, så er vårløysinga no i full gang, og det ber da også elva preg av.  Dei siste dagane har NVEs målestasjon ovafor Storfossen målt mellom 30 og 60 m3/sek kvar dag. Vassføringa så langt toppa seg i går med omtren 60 m3/sek.  Men mildvêret vil nok fortsette, og vi må nok rekne med stor vassføring i fleire veker framover.  Det er nemleg mykje og vannrik snø i fjellet – og alt skal ned etter elva.

Ved Storfossen ved Gammelfabrikken. Her er det ca 50 m3/sek på bildet. Foto: Jon Olav Ørsal

NVE har da også sendt ut advarsel om at det kan være fare for flom i mange vassdrag. Spesielt dersom det blir regnvêr og varme samtidig.  I helga er det meldt litt regn, men det er i tilknyting til austleg vindretning og ikkje så store mengdar. Men elvane kan bli store og vi kan nok oppleve at det blir flaum i tilknyting til stor snøsmelting alt i helga. 

Vi tok ein liten fotorunde rundt bygda for å sjå korleis Toåa bryr seg fram i dag, med ei vassføring på ca 50 m3/sek ved målestasjonen.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

Ramsøydalan med gapahuken i Fosstrøin. Foto: Jon Olav Ørsal

Utsikt frå Brusetbrua og oppover mot Ramsøydalan . Foto: Jon Olav Ørsal

Frå Båthølen der gapahuken og fiskerrampen til Toåa tursti er lokalisert. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 6. juni 2020, 10:52