Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vårdugnad på kyrkjegarden

Jon Olav Ørsal Fredag 17. april 2015

Måndag 27.april kl. 18.00 blir det vårdugnad på kyrkjegarden, melder Todalen sokneråd.  Det er mange ulike oppgåver og det trengs folk med rive, trillebår, spett og spade! Ta med høveleg hagereiskap. Det er behov for å rette opp skeive gravstøtter, samt rydding etter vinteren.

I tillegg til dugnadsgjengen stiller kyrkjetenar og folk frå soknerådet opp og hjelper til. Det brukar å bli ein triveleg kveld, samstundes som kyrkjegarden blir fin til våren og sommaren. Det blir kaffepause med noko attåt.  Alle som ønsker å delta er hjarteleg velkomne!

Publisert: 17. april 2015, 20:34