Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vanja har utplasseringsveke på Matkroken Todalen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 29. september 2020

Denne veka har 10.årstrinnet ved Surnadal Barne- og Ungdomsskule utplasseringsveke. Vanlegvis er utplasseringsveka på våren i 9.årstrinn, men på grunn av Koronasituasjonen er ingenting som vanleg i år, så då vart den flytta til i haust. Føremålet med utplasseringsveka er å gje elevane eit lite innblikk i arbeidslivet og ikkje minst for å hjelpe dei litt med valet av framtidig studieretning. Elevane i 10.årstrinn må innan 15.mars 2021 bestemme seg for kva studieretning dei vil søkje seg inn på når dei frå neste haust går over frå grunnskulen til den vidaregåande skulen. Nokon er framleis i tvil om kva dei vil, medan andre allereie har bestemt seg for studieretning. Difor er utplasseringsveka nyttig for mange av dei før dei tek det endeleg valet om studieretning.

Vanja Tørset Brøske har vald å ta utplasseringsveka si ved Matkroken Todalen. Vanja er frå Surnadal, men har mormor Marit og morfar Leif Egil frå Steinan i Sissigrena. Så denne veka har ho gjort todaling av seg og bor hjå mormor og morfar. 

Vanja set på tilbodslabelsar på vekas tilbodsvarer, under kyndig rettleiing av mormor Marit. Foto: B G Ansnes

Vanja har lyst til å arbeide med folk når ho om nokre få år skal starte sin yrkesaktive karriere. Ho skal difor søkje på ei line som heiter Helse og Oppvekst på vidaregåande frå neste haust. Lina kvalifiserer til å få seg arbeid innafor helse og omsorg, og er retta mot eldre og personar som har behov for omsorg. 

Her samlar Vanja inn tomemballasje som skal i papp-pressa. Foto: B G Ansnes

Då vi var innom var Vanja i full gang med å rydde ut tomemballasje som skal i papp-pressa for pressing. På ein butikk er det mange oppgåver som Vanja no har fått vore med på. Her er noko av det ho har fått vore med på så langt:

  • Skifte prislabelsar
  • Vasking
  • Rydding, både i butikken og på lageret
  • Påfylling av varer
  • Kassaarbeid
  • Brødsteiking

Vanja trivst som tidlegare nemnt godt med folk rundt seg, og då er utplasseringsveke på ein butikk midt i blinken. Men ho ser altså heller føre seg ein yrkeskarriere innafor helse og omsorg framfor det å bli butikkmedarbeidar.  

 

Først publisert: 29. september 2020, 11:06 - Sist oppdatert: 30. september 2020, 12:12