Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vandrefestival – har base ved Igltjønna

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. september 2016

Vandrefestivalen starta fredag med arrangement i Surnadal kulturhus. Laurdag fortsette festivalhelga med arrangement ved Igltjønna i Rindal sentrum, der Vandrefestivalen har base i år. Laurdag har det vore fullspekka program heile dagen og fortsett laurdag kveld med 3 retters festmiddag og mykje kultur i festivaltipien som er sett opp ved Igltjønna.

Ordførar Ola T. Heggem opna dagens arrangement og ønska velkomen til Rindal. elles har det vore utematmesterskap, bokbad og foredrag. Bokbadet var med forfattar Anne Mæhlum som fortalte om boka si «Fra naturens spiskammer».  Jon Bojer Godal hadde miniforedrag om temaet «Om å leve og overleve». Elles var det kortkurs i ølsmaking i regi av Mathallen i Trondheim – og kl 17 stod fellesbad med Inga dalsegg på programmet ved den nye badstua ved Igltjønna.

Vidare utover kvelden er det Gourmetmiddag i festivaltipien – 3 retters middag, med tilhøyrande prisutdelingar og kulturinnslag. Klikk på linken og les meir om dette arrangementet.  Til slutt laurdag kveld er det dansearrangement i festivaltipien frå kl 22 og utover.

Bildegalleri frå festivalplassen ved Igltjønna – alle bilder: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 10. september 2016, 17:04