Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Valgkampstand med spontan-konsert

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. august 2015

Surnadal AP hadde rigga til stand framfor Matkroken i Todalen i dag, der det vart servert både kaffe og frukt til folk som passerte på tur til og frå butikken på helgehandel. Vi stakk innom ein snartur, og høyrte at det ble debattert både skulesak, vegnamn og til og med molteplukking. Det var imidlertid ei gemytteleg forsamling som hadde mest fokus på kvardagslege ting i det fine sommarvêret.  Men ei lita overrasking vart det, for litt kultur høyrer nok med i samband med slike arrangement…

JonHusby_APkonsert_1620

Spontankonsert – Jostu hadde med trekkspellet og sørga for litt kultur. Frå venstre Olmod Nordvik, Johan Ørsal, Jon Husby, Per Reiten og Nils Helge Ness. Foto: Jon Olav Ørsal

Jon «Jobus» Husby eller Jostu i daglegtale hadde nemleg trekkspellet i bagasjerommet på bilen, og da vart det sjølvsagt ein liten friluftskonsert framfor butikken. På rekke og rad fekk vi både visersong og anna musikk. Nordviksongen hausta sjølvsagt applaus frå ordførar Lilly Gunn som er nordvikgarding, men også «Hymne til Strengen» og «Zansibarvisa» stod på programmet før avslutningsnummeret som var «Kveld i Trollheimen».

Ordførar Lilly Gunn Nyheim var godt nøgd med valgkampen i Todalen, og hadde sikra seg både nye medlemar og fått fart på loddsalet på den stunda dei hadde stand framfor butikken. – På ettermiddagen var det stand på kvanne som stod på programmet.

Publisert: 22. august 2015, 13:41