Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Valget er ditt, men svaret er ikkje gitt. Enno.

Elinor Bolme Måndag 25. april 2016

I denne stund er det åpne valglokaler rundt om i kommunen vår i forbindelse med kommunereform og samanslåinngsalternativ. I Todalen var valgmannskapet på plass frå klokka 14 som påkrevd, men dei kunne melde om rolege timar enno først på ettermiddagen. Valget starta som kjent med muligheiter til førehandsstemming fram til i går. Også i Todalen var det nokre få som hadde benytta seg av dette, kunne valgkomiteen fortelje.

Når redaksjonen var så snarast innom for å sette sitt kryss måtte ein faktisk vente litt for å teke ein prat med andre velgjarar. Men som de ser så dukka Håvard Halset opp for å gje si stemme i anledninga. -I dag stemmer eg for Sigrid, ikkje meg sjølv, smilte Håvard lurt.

image

Valgleiar Jon Olav Ørsal samman med gode hjelparar i Dan Roger Pedersen og Karin Helen Halle. Skulle ein vera i tvil om valga kunne ein lese seg opp i den fine brosjyra som er laga for anledninga.

I løpet av kvelden vil ei pressemelding gå ut frå ordførar Lilly Gunn Nyheim med resultatet av valget. Inntil då lyt vi vente i spenning om kva innbyggjarane i Surnadal kommune ønsker av løysing på kommunereforma..

 

Publisert: 25. april 2016, 18:20