Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Utan dekning, igjen…

Utan dekning, igjen…

Elinor Bolme Onsdag 26. desember 2012

Todalssamfunnet en nok ein gong utan mobildekning. Både Telenor og Netcom har sidan 13 tida i dag vore utan forbindelse i  bygda.

Fleire har i løpet av ettermiddagen vore i kontakt med Telenor, og dei kan melde om brudd på nokre basestasjoner i vårt område. Det er satt ei foreløbig rettetid til i morgon. Etter som redaksjonen har fått informasjon om, så skal dekninga vera ok utafor tunellen.

Kundeservice hos Telenor skriv til lettare irritert kunde frå Todalen: Ikke noe utfall i selve Todalen, men ser vi har 1 basesasjon som står på Strengen og den er nede pga. strømproblemer. Denne dekker også innover Todalen, samt mot Surnadal. Mulig dette utfallet påvirker deg der du befinner deg. Rettetiden er satt til iløpet av morgendagen. Men helt innerst skal vi ha dekning. (Dette er ikkje tilfelle, då det ikkje er dekning på Kårvatn heller, red.amn.)

Er det nokon som har meir informasjon i anledning dette, er det berre å sende oss ein epost/melding på Facebook så oppdaterer vi.

Publisert: 26. desember 2012, 17:50