Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I kveld: Unik sommarkonsert med «Billuca» i Todalen kyrkje

Bernt G. Bøe, organist i Todalen kyrkje Fredag 13. mai 2016

Ensemblet «Billuca» frå Trondheim gjestar Todalen kyrkje fredag 20. mai kl. 20. Det blir ein sommarkonsert utanom det vanlege. For kva skjer når spansk kunstmusikk møter ein norsk bånsull? Når ein kryssar Purcell med rytmer frå Balkan? Eller når Brahms gyngar i shanty-takt? Det oppstår noko nytt av det velkjente når Billuca Ensemble framfører sitt nye vår- og sommarprogram. Som når Edvard Grieg nærmar seg Bossa Nova eller ein italiensk barokkarie møter eit ungkarsstev frå Telemark. Todalen og Trøndelag får oppleve dette først, før musikarane reiser vidare på sommarturné i  Italia…..

Billuca b

Billuca slår seg laus i folkloristisk «remix» av klassiske musikk:  Bach, Händel, Schumann, Grieg, ensemblets eigen Frode Dyrli Angelsen og andre utfaldar seg fritt i lag med norske, skotske, engelske og irske folketonar. Klassikarane er rekomponert spesielt for Billuca av ensemblets eigne komponistar og arrangørar Tone Sand, Frode Dyrli Angelsen og Martin Smidt.

Med i Billuca Ensemble er  Hege Fernanda Stokstad og Kristina Olsen Smidt (song), Tone Sand (fløyter), Guri Krog Dodig (bratsj), Anne Lise Fagerli (cello), Frode Dyrli Angelsen (gitarar og mandolin) og Martin Smidt (trommer og perkusjon). Adresseavisen skreiv m.a. om fjorårets Billuca-CD: «Lekent, underfundig og vidunderlig varmt» og «Arrangementene er delikate og intrikate». No får ein høre gruppa i akustisk konsertramme. Både arrangør Todalskoret og musikarane håpar på god vårstemning i Todalen kyrkje!

2016 05 20 Plakat Todalen

Først publisert: 13. mai 2016, 01:00 - Sist oppdatert: 21. mai 2016, 19:51