Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Uavgjort i lokaloppgjøret

Uavgjort i lokaloppgjøret

Elinor Bolme Torsdag 3. mai 2012

Onsdag kveld var det lokaloppgjør av beste sort på Bordholme. Då møttest Todalen/Kvass/Ulvungen/Søya og Surnadal i seiekamp for G19 klassen. Det var ein forholdsvis jamnspela kamp, der begge laga dominerte i kvar sine periodar. Stillinga etter første omgang vart 1-1, med målscorarar Andreas Dalsegg Sæther på 0-1 og Fredrikk Aasprong på 1-1. Dette held seg til dommaren bles av etter neste 45 minutt. Begge lag hadde sjansar til å avgjerde til sin fordel, der blandt anna keeper for heimelaget hadde ei fantastisk redning mot slutten. Her kan du sjå referatet frå Surnadal IL si heimeside.

Emil Haugen Ansnes spelar for 3. året på Surnadal, og hevdar seg godt. Han er også komme på inn på Surnadal sitt A-lag, og fekk 90 minutts speletid mot Brattvåg 1. mai. Det kampreferatet kan du lesa her.

Godt med publikum trass bitande kald vind, her representert med 3 hardbarka innfødte og ein «ny». Frå venstre Terje Nordvik, som og er manager for G19 laget, Bjørn Hauglann, Rune Moe og Kristian Halle.

Også Russ-12 var på plass for å oververe kampen. Om det var spelet eller spelarane dei følgde med skal være usagt.

Og som de ser var det ein kald fornøyelse.

Publisert: 3. mai 2012, 07:04