Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Turtips: Valsøyfjorden har mykje å by på

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. juli 2019

Når sommaren og ferietida kjem er det behov for å få ei forandring i kvardagen.  Det kan være lokalt i bygda, eller det kan være godt å ta ut litt, og sjå korleis det er andre plassar.  I dag kan vi by på ein liten tripp til Valsøyfjorden i Halsa kommune – som faktisk blir Heim kommune i lag med Hemne frå nyttår. i Valsøyfjorden har dei faktisk litt av kvart å by på….

Laksefiske med vorpe drives på Hendset, der Kroknes laksevorpe er ein 600 år gammel tradisjon. Foto: Jon Olav Ørsal

Turen går altså til Halsa via Betna og Vågland til Valsøyfjorden til Valsøya – ei strekning på ca 75 km frå Todalen og som tek litt over ein time å køyre. Første stopp kan være på Hendset, der Kroknes vorpe nyleg re-opna. Laksefiske med vorpe er ein 600 år gamal tradisjon som no er blåst i gan igjen.  Artig å sjå og folke er hjarteleg velkomne for å sjå korleis dette foregår, fortel Olav Wågsand som er initiativtakar til prosjektet. Wågsand er også delaktig i Vorpå røkeri som er etablert ved ferjekaia på Hendset – og som også er verdt å stikke innom.

Otnes kyrkje – opa for besøk tysdagar og laurdagar kl 14-16 – verdt å ta turen innom. Foto Jon Olav Ørsal

På turen vidare innover Valsøyfjorden kjem du til Otnes. På tysdagar og laurdagar er Otnes kyrkje opa, og tek i mot besøk. – Vi stakk innom og denne dagen var det Eli Ohren som var vert og fortalte litt om historia til kyrkja – både i ny og gammel tid.  I Otnesbukta ligg og Otnesbrygga, der det komande laurdag og søndag er open kafè frå 12 til 16..

I Klatreparken Høyt & Lavt er det aktivitetar som passar både store og små! Foto: Jon Olav Ørsal

På Valsøya er det imidlertid full rulle – Klatreparken Høyt og lavt som opna i fjor – og som utvida og bygde ut vidare i år – samlar mykje folk både ørk og helg i sommartida.  Her er det aktivitetar born og vaksne i alle aldrar og har kan du godt ta sikte på å bruke heile dagen. Og blir du sulten så er det restaurant/kafeteria både på fjordsentret og i klatreparken.

I Valsøyfjorden er det sjølvsagt mykje meir å sjå – mellom anna Geitbåtmuseet på Enge. Men det får bli ein annan gong.

Bildeglimt frå Valsøyfjorden – alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 10. juli 2019, 04:00