Turtips – Rambjøra
PÃ¥ Rambjøra er det kjempefin utsikt bÃ¥de utover “fysnin” og innover Todalen og Trollheimen. Du kan starte ved InnerÃ¥a og følgje traktorvegen oppover Halsetlia, og vidare etter sti opp Litjfjellet til Vassnebbvatnet. Vidare opp til skaret mellom Vassnebba og Rambjøra og følge ryggen utover til toppen pÃ¥ Rambjøra.
Eit anna alternativ er å starte i frå lunningsplassen i Hyllnesbukta og følge seterstien opp til Ansnessetra og vidare oppover til Rambjøra. På Ansnessetra er det fin utsikt mot Nordvik og vidare utover Stangvikfjorden, og denne turen kan være eit fint turmål i seg sjølv.





































