Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Tur over Skjerdingfjellet

Tur over Skjerdingfjellet

Sondre Halset Måndag 16. august 2010

Laurdag vart det arrangert tur over Skjerdingfjellet sine 22(?) toppar. Turen var i regi av Trollheimen Mountaineering, og som ein post i programmet til Norsk Vandrefestival. Tre forventningsfulle guidar, Jo Gjeldnes, Tore Svinvik og Magne Svinvik, tok i mot tre eventyrlystne deltakarar, ein frå Todalen, ei frå Surnadal og ei frå Rindal/Trondheim.

Turen starta frå Innerdalsmerket kl 0900, og turfølgje gjekk i retning Tristænannj som var første innlagte pause. Vi hadde med oss kvit stein som vi la på den ”Kvite Varde”, og vi speida etter molter, men fann ut at her hadde det vore noko før oss og plukka, i og med at det berre var kart å finne. No hadde vi Skjerdingfjellet rett over oss, men såg det ikkje på grunn av skodde. Vi ville ta sjansen på at det skulle klårne opp etter kvart, så vi fortsatte opp Midtryggjen. Vi fylgde turistlina så langt at vi såg Bjøråskaret, og dermed tok vi av til venstre og starta oppstigninga til Skjerdingfjellets første topp på 1465 moh. På ”klive-turen” oppover hadde vi god avstand mellom kvarandre, for det var mykje lausstein vi måtte gå i.

Endeleg oppe på den første toppen, men skodda hadde ikkje letna, derimot hadde den vorte verre. Men med motet på topp fortsatte vi på eggen bortover Skjerdingfjellet. Plutseleg opna himmelen seg rett over oss, og vi fekk endeleg sjå litt blå himmel samt fleire av tindane framfor oss. Det var nesten ei litt trollsk stemning der toppane steig opp av skodda, utan noko anna å sjå bortsett frå det uendelege kvite. Skodda tjukna til igjen og vi fortsatte vår tinderangling, med fleire utfordringar som hopping over ”store” sprekker og klatring opp loddrette veggar.

Vi nådde tilslutt den siste toppen på Skjerdingfjellet, som er ca 1520-1530 moh. Skodda ville fortsatt ikkje gje seg, så vi satt altså der på toppen utan noko utsikt. Derfor kosa vi oss med sjokolade og elgpølse i staden. Vidare var løypa ned til Bjøråskaret, og det gjekk i bratt terreng ned ei steinur. No byrja skodde å verkeleg bli tjukk, steinane blei våte og sleipe og regnjakkene måtte fram. Frå Bjøråskaret fylgde vi berre turistlina ned igjen til Innerdalsmerket. Vel nede var alle samde i at det var ein kjempefin tur, bortsett frå at skodda øydela litt av sjølve opplevinga. Vi brukte ca 9 timar på turen, inkludert pausar.

Foto: Sondre Halset og Jo Gjeldnes

NB! Nokre av bileta er frå ein annan tur tidlegare i år, og er teke med for å vise litt korleis det er utan så mykje skodde.

Todalen.no takkar for fin rapport og bilete!

Publisert: 16. august 2010, 12:00