Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Trufaste  i  kiosken

Trufaste i kiosken

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. september 2010

Måndag kveld var det sesongslutt for fotballen på Bordholmen. Da sette også Karen Johanne og Svein Talgø bort bakelsjarnet for i år. Dei har heile sesongen vore trufaste i kiosken i klubbhuset, med salg av bakels og kaffe. Og bakelspressa har gått jamt og trutt, for dei har skaffa idrettslaget over tjue tusen i kassa i løpet av sesongen.

Det er fotballgruppa som driv kiosken i klubbhuset, og tillegg til den ordinære kioskdrifta står dei som arrangør av 17. mai-frokosten. Den har også god oppslutning og gir ein bra slump i kassa.

Publisert: 28. september 2010, 10:00