Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trollheimsmarsjen 2016 – søndag 4. september

Jon Olav Ørsal Laurdag 27. august 2016

Bli med på Trollheimsmarsjen, oppfordrar I.L. Ulvungen og Todalen I.L.  Trollheimsmarsjen er eit samarbeidsprosjekt mellom dei to laga, og marsjen har start på Bordholmen stadion i Todalen, og går over fjellet til Ålvundeid og har målgang på Leikvoll stadion – tilsaman rundt 13 km frå start til mål.

Utsikt frå ørsalsetra mot Sula. Foto: Jon Bruset

Dette er ein flott dagstur som går frå Bordholmen stadion og opp lia til Ørsalsetra og vidare over Vardan (850 m.o.h.) og nedatt Børsetlia – og inn til målgang på Leikvoll. Turen tek rundt 5 timar i vanleg turisttempo, med pausar i tillegg. Start frå Bordholmen søndag 4. september i tidsrommet 8.30 til 11.00. Det er sett opp buss frå Ålvundeid til Todalen med 3 avgangar frå Leikvoll – kl 7.45 – 8.45 oh 9.45.  Etter målgang er det sett opp 3 bussavgangar  – kl 15.15,  16.15  og  17.15.

Startkontingenten er kr 100 for vaksne og kr 50 for born.  Det blir trekt om mange flotte premiar og gåvekort.  Dette er ein flott tur, som egnar seg godt både for barn og vaksne, og det vil bli lagt inn natursti på turen over fjellet.  Hugs at det er god turskikk å ta med godt med klede og nok mat.

Alle er velkomne til å delta på Trollheimsmarsjen!

Plakat_Trollheimsmarsjen2016

IMGP6170

På tur ned til Ålvundeid. Foto: Jon Bruset

 

Publisert: 27. august 2016, 17:00