Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trollheimsmarsjen 2015 – søndag 6. september

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. september 2015

Søndag 6. september er klart for årets Trollheimsmarsj, med start frå Bordholmen i Todalen og den velkjente ruta over Vardan til målgang på Ålvundeid.  Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Todalen I.L. og I.L. Ulvungen, og som har nært samarbeid med Trollheimstunnelen. Det blir sett opp bussar frå Ålvundeid til Todalen før starten, og bussar i retur frå Ålvundeid til Todalen etter målgang slik som tidlegare.

I fjor var det 117 deltakarar på marsjen frå Todalen til Ålvundeid, men i 2008 da begge idrettslaga jubilerte vart nok rekorden sett med heile 231 deltakar. Det er ein flott tur over fjellet, som på Vardan når sitt høgste punkt på 850 meter.   Her kan du laste ned plakaten

Fakta om Trollheimsmarsjen:
Distanse: 13 km i variert terrreng
Tidsbruk: ca 5 timar i vanleg turisttempo (pausar i tillegg)
Turens høgaste punkt ligg på ca 850 m.o.h. ved Vardan
Praktiske ting om Trollheimsmarsjen:
Start frå Bordholmen stadion mellom kl 8.30 og 11.00 – målgang på Leikvoll innan kl 17.00
Påmelding ved start på bordholmen, der du får startkort
Deltakaravgift kr 100 for vaksne og kr 50 for born (under 16 år) Born kan delta i følge med vaksne

Busstransport frå Leikvoll til Bordholmen før start og etter målgang:
Bussavganger før start kl 7.45 – 8.45 og 9.45 Bussavgangar etter målgang kl 15.15 – 16.15 og 17.15
Det blir høve til dusjing på Leikvoll stadion etter marsjen.
Salg av middag på Leikvoll

Publisert: 5. september 2015, 05:00