Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg og lun friluftkonsert på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Sundag 24. juli 2016

Det såg ei stund stygt ut for at det kunne bli ein regnvåt konsertkveld på Todalshytta laurdag kveld. Ein skikkeleg floing i fjella rundt Grinaren og Storfjellet såg truande ut, men veståtrekken helt regnet unna og det vart ein fin sommarkveld på bakken framfor Todalshytta –  der visesongaren Asle Beck og gitaristen Gunnar Westlie sørga for underhaldninga.

Og solnedgangen laga ei flott ramme rundt konserten med Asle Beck og Gunnar Westlie laurdags kveld. Det var godt å nyte visesongen til Asle Beck, som vart godt toppa med imponerande gitartonar frå Gunnar Westlie.

DSC_2825

Publikum kosa seg under konserten med Asle beck og Gunnar Westlie. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Dette vart ei flott avslutning på sommarkvleden, og trefte blink hos eit publikum som var rause med applausen til dei to på scena. Begge to er todalsvener, og opptredde saman på Todalshytta under Todalsdagen 2015. Gunnar hadde imidlertid sin ”todalspremiere” så tidleg som i 1988, da han opptredde under Todalshelga saman med bandet Da Vinci. Den gongen også som gitarist, men sjølv om det er 28 år sia så kunne vi ikkje registrere at han var plaga med stive fingra.

Asle Beck opptredde med norske tekster som han har skrevet sjølv gjennom ein lang karriere. Det sette publikum stor pris på gjennom ein konsert som strekte seg opp mot 2 timar i den fine sommarkvelden. Nokre av tekstane var skrevet under låtskrivarseminaret på Todalshytta i fjor, slik som visene ”Vestavind” og ”Alt er nå”. – Begge er no komne med på siste plata til Beck som kom nyleg.

Applausen til dei to ville ingen ende ta, og det måtte 2 ekstranummer til før dei kunne slå av forsterkarane etter å ha runda av kvelden med ”Skur 55” som var den første låten som Asle skreiv da han jobba på hamna i Oslo i 15-årsalderen.

Men kultursommaren på Todalshytta er ikkje slutt med dette – på august blir det arrangement både 11. og 13. august, fortel Eric Malling til Todalen.no, men dette kjem vi attende på etterkvart.

Bildegalleri frå konserten til Asle Beck og Gunnar Westlie på Todalshytta. Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 24. juli 2016, 08:00