Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg konfirmantfest i Ungdomshuset

Dordi Jorunn Halle Sundag 15. oktober 2017

Laurdag kveld arrangerte soknerådet i Todalen konfirmantfest i Ungdomshuset; – her var både dei som vart konfirmerte i 1967 og dei som skal konfirmerast våren 2018 inviterte. Det var godt oppmøte både av konfirmantar med familie og bygdefolk, og det vart ein triveleg kveld.

Konfirmantane i Todalen kyrkje 9. juli 1967. Fremst frå venstre: Bente Margrete Ørsal, Inger Johanne Todalshaug, Ester Karin Rendal, Marit Gjeldnes, Marit Holsæter. Bak frå venstre: John Moe, Gudmund Hyldbakk, Karl Jacobsen, Ragnar Halle. Frå arkivet til Todalen.no.

Søndag 9.juli i 1967 vart åtte ungdommar konfirmerte i Todalen kyrkje av sokneprest Karl Jacobsen som 50-årskonfirmantane mintest som ein kjekk og grei prest. Ragnar hugsa at han var svært så nervøs for overhøringa, men presten stilte han først spørsmål om resultatet av landskampen i fotball kvelden før; det var det lett å svare på og nervøsiteten forsvann. Konfirmantane delte fleire artige minne frå konfirmasjonstida si med festlyden; Inger Johanne mintest at ho hadde fått ny, fin minikjole, men kvelden før den store dagen fann mora ut at kjolen var «uanstendig», ho spretta opp falden og la ned kjolen så langt det gjekk! Ragnar voks fort ut av dressen sin og selde han ganske fort til Jon Jostu’n, og John hugsa at han og far hans sat på lastebil med Harald Nordvik til Trondheim for å kjøpe dress på NKL. Mange av 50-årskonfirmantane møtest ikkje så ofte, så dei takka soknerådet for at dei laga til eit slik triveleg treff.

Triveleg rundt bordet. Frå venstre: Terje Gulliksen, Ester Karin, Inger Johanne, Marit, John og Ragnar. Foto: Dordi J H

50-årskonfirmantane fortalde at dei «gjekk for presten» eit heilt år, og at dei hadde undervisning med presten ein time i veka i skuletida på Ungdomsskulen. Da var dei i lag med konfirmantane frå Åsskard sokn.

Erik Kårvatn (til venstre), Henrik Kvande-Talgø og Sindre Bruset skal konfirmerast til våren. Foto: Dordi J H

Gutane som skal konfirmerast til våren, kunne fortelje at slik er det ikkje no. Dei får undervisninga si etter skuletid i kyrkjelydshuset på Skei av soknepresten i Surnadal, Vidar Rygh, og trusopplæringsleiar Elsa Jensvold. Dei har alt vore på konfirmantleir på Mjuklia Ungdomssenter, Berkåk – det var kjekt! Dei synest og at øktene på kyrkjelydshuset er interessante. Konfirmasjonsdagen er 29. april.

Kvelden starta med riktig god middag: broccolisuppe med bacon og salta sauekjøtt i peparrotsaus, og kokk var Jon Olav Roaldset. Etterpå vart det kaker og kaffe.

Svein Åge Saksen viste filmar som vekte mange minne. Under kaffen var det Quiz, der stilte ungdommane med handicap da spørsmåla stort sett var frå 1967. Da hjelpte det ikkje å få med fedrane på laget heller, for dei er ikkje så gamle at dei hugsar stort frå det året!

Her er både jubilantane og årets konfirmantar i lag med leiar i soknerådet Britt Mossing. Foto: Dordi J H

Nokre døme på spørsmål frå Quizen, så kan de prøve sjølve:

  • Esso lanserer nytt slagord i 1967. Korleis lyder det?
  • I kva europeisk by blir verdas først minibank opna den 17. juni i 1967?
  • Kva er det Sverige innfører 3. september 1 1967 som siste kontinentale land i Europa?
  • Kven vart seriemester i fotball i 1967 for menn?
  • Eit kjent mote-ikon innførte nye ideal for korleis kvinnekroppen skulle sjå ut – ein skulle vere syltynn og sjå deprimert ut. Kva heitte dette mote-ikonet?
  • Det finst tre hovudstader i verda son byrjar ned bokstaven O. Kan de alle tre? Dette spørsmålet var det truleg berre laget til Terje N som kunne svaret på – han hadde nemleg vore i Ouagodougou i Burkina Faso.
  • Gjennom Quizen fekk vi og vite at det er berre 48 som har Kårvatn som etternamn i Noreg, Kvendset – 69, Talgø – 165 og Bruset 109.

Leiar i soknerådet, Britt Mossing, leia kvelden. Ho avslutta med å ønske alle velkomne til gudsteneste i Todalen kyrkje i dag, søndag 15. oktober, kl. 11:00. Bjørn Hovde er prest og det er haustakkefest.

Soknerådet var komite. Frå venstre: Britt Mossing, Sidsel Kalseth Heimlund, Anders Gjeldnes, Kristen Bruset. Bak kokken Jon Olav Roaldset. Foto: Dordi J H

50-årsjubilantane vart samla rundt eit bord slik at dei kunne få mimre fritt. Foto: Dordi J H

 

 

Publisert: 15. oktober 2017, 01:32