Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg føremiddag med både lunsj og KløverRUSLEtur

Dordi Jorunn Halle Måndag 14. oktober 2019

Sol frå skyfri himmel og vindstille – ein topp dag for Rusletur og Kløvertur på Kvennsetørå. Etterpå var det lunsj i Sanitetshuset, mykje folk og god stemning rundt borda.

For tredje gong denne hausten inviterte Todalen sanitetsforening til KløverRUSLEtur med etterfølgande lunsj, dette er populære tiltak. Det er kjekt å møtast, både for å gå tur, men ikkje minst å samlast for å ete og prate i lag. Gode møteplassar er gull verdt!

Kjekt med lunsj. Foto: Dordi J H

 

Marit serverer: Foto: Dordi J H

I Sanitetshuset var borda fint pynta med dukar, lys og rosebukettar. Lunsjen smaka fortreffeleg,  og til dessert var det i dag servert nydeleg spannost – retteleg furkunnmat for mange. Måltidet vart avrunda med allsong, først «Takk», og så i god tradisjon vart stunda i Sanitetshuset avslutta med «Fager kveldssol smiler».

Spannost er furkunnmat. Jenny forsyner seg. Foto: Dordi J H

Triveleg rundt bordet. Foto: Dordi J H

Songen «Takk» er skrive av Margrethe Munthe, det er ikkje så mange som kan denne songen no. Men Anne og Ingrid, som båe to har passert 90 år, hadde lært på songen på skulen og leia allsongen. Dyktige damer!

Her er teksta: 

TAKK

Jeg takker borte, jeg takker hjemme,

ja, seie takk takk, vil jeg aldri glemme!

Om jeg er liten, om jeg er stor,

så må jeg takke, det sier mor.

Fleire bilete frå ein fin dag:

Ingrid, Jenny og Anne både syng og går tur! Foto: Dordi J H

Ved Småbåthamna. Frå venstre: Kari, Sigrun, Dordi, Anne Helene, Synnøve, Eli, Ingrid, Åse Johanne, Helga, Jean, Ester Karin, Ingeborg. Foto: Dordi J H

I solveggen: Ingeborg, Eli og Ingrid. Foto: Dordi J H

 

Publisert: 14. oktober 2019, 15:54