Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trist å sjå tomme solsenger på stranda…

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. august 2016

Vi hadde for eit par veker sia eit lite intervju med Torbjørn og Rannveig Brøske som reiste til Alanya på teneste for Sjømannskyrkja. – Situasjonen var spent i Tyrkia etter kuppforsøket, og vi lurer sjølvsagt på korleis det har gått etter at dei kom på plass på Sjømannskyrkja. Det er tross alt unntakstilstad enno!

 Har dere kome i gang med jobben på Sjømannskyrkja slik som planlagt?
– Ja, no er vi godt i gang her ved Sjømannskyrkja i Alanya. Det er berre vi to som er tilsett no i sommar, for aktiviteten er ikkje så stor og oppgåvene ikkje så mange. Det er mest for å halde hjula i gang, og for å vere til stades om nokon treng hjelp frå oss, eller ønskjer å koma innom for ein prat og ein kopp kaffe.  Arnhild Sæter frå Surnadal er frivillig medhjelpar på kyrkja, og har hjelpt oss med å finne oss til rette, både i kyrkja og i byen.

IMG_2702

Trist med alle dei tomme solsengene på stranda, tykkjer Torbjørn. Foto for Driva: Torbjørn og Rannveig Brøske

Er det mykje nordmenn som ferierer i Alanya no etter kuppforsøket – eller skyr turistane Tyrkia?
– Det kjem da fly med nordmenn hit kvar dag, så ein del turistar er det også frå Norge. Men det er trist å sjå dei lange strendene med dei mange tomme solsengene , og det er ikkje fullt akkurat på restaurantane heller. Turismen er ei hovudinntekt i Alanya, så det er nok tøft for mange! Vi har forstått det slik at mange unnlèt å komme hit på grunn av frykta etter terror og kupp.

Kva råd har du å gi til folk som tenkjer på å reise til Alanya eller andre plassar i Tyrkia på ferie – er det trygt eller skal dei ta nokon spesielle forholdsreglar? Er det enkelte plassar/distrikt folk bør halde seg unna?
– Vi har vel ikkje kunnskap nok til å gi råd om reisemål i Tyrkia, der er det nok klokt å følgje UD sine råd. Sørkysten her kor kyrkja er, vert rekna for å være ganske trygg. Vi har møtt fleire skandinavar som ferierer både her og i Antalya, og som ikkje forstår kva vi er redde for! Det er vel helst storbyane ein bør unngå. Det er som kjent unntakstilstand i landet, så alle skal etter lova ha pass/kopi av passet med seg når ein er ute. Vi har inntrykk av at tyrkarane sjølv meiner området her ikring er trykt, og at media opphausar tilstanden, og slik skaper frykt hos turistane.

IMG_2098

Alle er velkomne innom Sjømannskyrkja, seier Rannveig Brøske. Foto for Driva: Torbjørn Brøske

Bakelsrøra er vel klar dersom det er folk som stikk innom kyrkja – Når er det ope, forresten?
– Kyrkja har opningstid alle dagar utanom måndag og tysdag. Og vi har sjølvsagt bakels og kaffe til dei som kjem, dette gjeld jo i alle sjømannskyrkjer verda over!

– Andre arbeidsoppgåver vi har er sjukebesøk på nokre av sjukehusa i byen, der er vi kvar torsdag. I den internasjonale skranken får vi vite om det ligg nordmenn og svenskar inne. Er det pasientar inne, går vi på besøk, har med norske aviser og blad og ein «sykehusparlør». Heldigvis har kyrkja fast avtale med ein tolk. Han har budd i Norge fleire år og har vore til stor hjelp.

TorbjørnBrøske_gudsteneste_2706

Sjømannsprest Torbjørn Brøske held gudsteneste kvar søndagskveld. Foto for Driva: Therese Sæter

Kjem det folk til gudstenestene?
– Om sommaren er mange av dei fastbuande nordmenn heime. Derfor er ikkje gudstenestebesøket så stort.  Interessant her er at det kjem både katolikkar og lutheranarar, og det kan vere folk frå fleire nasjonar.

Opplever de kvardagane som trygge?
– Ja, vi tenkjer faktisk ikkje over at det kan vere farlegare her enn andre stader;  men vi må innrømme at vi kjente på mykje uro med å dra til Tyrkia. Men, når ein først er komen hit, ser ein annleis på det! Folket er jo utruleg hyggelege, vennlege og ærlege!  Det er jo interessant at kyrkja her ikkje har alarm, den einaste av dei 6 kyrkjene vi har arbeidd i!

Rannveig og Torbjørn skal være ferievikarar og drifte Sjømannskyrkja i Alanya fram til starten på september i år – da set dei kursen heim til Stangvika igjen.

Publisert: 16. august 2016, 20:42