Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trim til Storfjellet

Jorunn Nordvik, Trimgruppa i T.I.L. Tysdag 18. august 2015

Vi var 6-saman da vi tok fatt på bakkane opp mot Storfjellet. – Med Jon Bruset som kjentmann fekk vi innføring i både stadnamn og blomsterartar på tur opp lia. Oppå Storfjellet vart vi møtt av Georg Mossing og golden retrieveren Lita, som sette stor pris på besøk. Etter ein rast med mat og prat tok vi fatt på turen mot Nedre Grinarvatnet og Storbotn.

DSCN0250 (640x480)

På storfjellet vart vi mottekne av Georg Mossing. Foto: Jorunn Nordvik

DSCN0257 (640x480)

Jon Har funne seg plass i ei bogestilling. Foto: Jorunn Nordvik

I skaret mellom Grinarann og Storbotn viste Jon oss fleire tydelege bogestillingar. Uti Storbotnen, ved Skjerdingfjellet, viste Jon oss starten på vasskanalen som vart laga for å leie vatn mot Tristeinan og vidare ned mot Talgø gard for å nytte seg vassressursen. Vi gjekk langs den handlaga kanalen frå Storbotnen, ned til Liljtbotn, til Tristeinan og ned mot Reiret.

DSCN0260 (640x480)

Frå venstre Jon bruset, Gudmund Kvendset og Nils Ove Bruset.

DSCN0269 (640x480)

Ved «vannvegen» som renn utover til Tristeinan og ned til Talgø. Foto: Jorunn Nordvik

Eit imponerande og tidkrevande arbeid med steinrydding, grøfting og kanalbygging. Dette kan du lese om i ein eigen artikkel på Trollheimsporten. Bekken som renn forbi Tristeinan er altså ein kunstig laga vasskanal frå Storbotn og som renn ut i Toåa ved Vestrum – imponerande, spør du meg!
Tusen takk til Jon Bruset som delte kunnskapen sin med oss!

DSCN0246 (640x480)

Frå venstre Nils Ove Bruset, Marit S. Søyset, Sigrun Ørsal, Jon Bruset og Gudmund Kvendset. Foto: Jorunn Nordvik

Publisert: 18. august 2015, 16:00