Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trenar verda rundt, frå Surnadal

Elinor Bolme Måndag 30. januar 2017

Ein skulle kanskje tru at golf er ein sesongbetont sport. I Surnadal er ikkje dette tilfelle då det i Surnadal er ein moderne golfsimulator frå 2008 som er godt besøkt av ivrige golfarar no når det er litt «off season»  på golfbanen på Kvanne. Simulatoren er lokalisert på Landbrukshuset på Skei og det er firmaet Bjarne Schei AS med dagleg leiar Bjørn Schei, Surnadal Golfklubb og fleire medlemmar av Surnadal Golfklubb som er hovedaksjonærar.

Simulatoren er eit godt supplement til golfbanen no i vinterhalvåret. Her blir utalige treningstimar lagt ned, mens ein ventar på vår, sommar og den grønne green. I simulatoren kan ein  velgje mellom 30-40 «ekte» banar verda over der ein kan kjenne seg att fra turneringer som blandt anna vises på fjernsyn.

Bookinga foregår på YX stasjonen. I periodar er det stor pågang, og påmelding må ofte skje i god tid.

 
Simulatoren er enkel å bruke, og brukarane treng hverken kurs, golfkortet eller medlemsskap i golfklubben for å bruke den. Tilbudet er åpent for alle som vil oppretthalda formen, og ikkje minst for nye som har lyst til å prøve ut sporten. Ta kontakt med nokon i Surnadal golfklubb eller andre aktive om du ønsker ein kjentmann med på første runde oppfordrar leiar Oddvar Væge.
 

Ei av gårsdagens økter foregikk på Torrey Pines Golf Course i California.

 
Publisert: 30. januar 2017, 12:29