Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Travelt for brøytemannskapet

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. januar 2019

På parkeringsplassen ved Matkroken var Arne Harald Moe i gang med å fortære formiddagsmaten. – Med motoren i gang var det tydeleg at det var travle tider, og brødskivene gikk ned på høgkant – saman med ein slurk med kaffe.  Snøværet som har vart fleire dagar set faktisk brøytemannskapa på prøve, for dette er arbeid som skal utførast etter kontrakten og da er det berre å stå på.

Arne Harald Moe er frå Kvanne, og er eigentleg tilsett i Surnadal Betong. No i vinter er han utleid til Mikkelsen Maskin for å sørge for å halde vegane frå Todalskrysset og innover til Todalen opne.

Kort matpause i brøytebilen – det har vore travelt for brøytarane dei siste dagane. Foto: Jon Olav Ørsal

Arne Harald og hans kolleger må nok belage seg på meir snø utover dagen og kvelden, men yr.no lovar at det skal bli ein pause søndag – før vi får ein ny runde med snøvêr og kanskje litt regn på måndag. Men frå tysdag og utover veka er det så kaldare vêr i sikte. 

Publisert: 19. januar 2019, 11:30