Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Torsdag er utedag på skulen

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. august 2020

På torsdagar er det lagt opp til undervisning utendørs for dei yngste elevane ved skulen, fortel Torild Gjeldnes, som er lærar for gjengen frå 1. – 4. klasse.  Denne torsdagen trefvi gjengen ved Båthølen – der både gapahuken og fiskerampen vart bruka – her lag det an til ein lunsjpause. 

Det var nok godt å fylle på litt nistemat for å få skikkeleg guts for den vidare skuledagen. Oppgåva på turen nedover frå skulen var å prøve finne uønska planteartar i faunaen vår. Ein del artar står på den såkalla «svartelista», og elevane fann med litt hjelp fleire artar som står på lista – mellom anna kjempespringfrø. 

Nyttig lærdom om ting som finns i nærmiljøet og sjølvsagt vart det triveleg å kome til gapahuken og få ein liten pause, der ein kunne ta fram matpakka og nyte både maten og naturen omkring. 

Publisert: 27. august 2020, 13:59