Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Torils blogg – Eirik sette tone til….

Jon Olav Ørsal Fredag 8. april 2016

Toril Redalen hadde forleden ein artig blogg, der ho i innleiinga var i det lyriske hjørnet – og skreiv om Todalen.  Lesarane fatta stor interesse for bloggen og ho fekk på tusental med lesarar som var innom.  Eirik Husby, frå Nisstua på Husby, som i dag har sitt virke i hovudstaden fatta interesse for dette, og som den dyktige musikaren han er sette han musikk til teksta og har lage ei lydfil med det ferdig resultatet…

Arkivbilete av Toril i full gang med adventdekorasjoner på Hageland før jul. Foto: Jon Olav Ørsal

I ein kjapp rikstelefon til Eirik på fredag ettermiddag får vi bekrefta at vi får lov til å legge ut dette på nettet, sjølv om det i første hand var tiltenkt Toril som ein hyllest til ho. Todaling som han er så er Eirik innom Todalen.no kvar einaste dag og sett stor pris på at vi vil bruke dette innslaget, men under forutsetning av at Toril gir sitt samtykke. Deretter blir det ein kjapp telefon til Hageland der Toril har sitt virke, i tillegg til å være samtidskunstner- og dermed er det klart for premiere på verdsveven for hyllesten til Todalen – som altså har tekst frå Toril og musikk frå Eirik – Ta deg tid til å hør dette!

Først publisert: 8. april 2016, 18:00 - Sist oppdatert: 9. april 2016, 07:18