Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalstone-messe i Øye kyrkje

Jon Olav Ørsal Måndag 11. mars 2019

Koret Prosjekt 17, felespelaren Torgeir Leivdal og kantor Oddveig Helset Halle er hovudaktørar på Tonekvelden i Øye kyrkje onsdag 13. mars kl 19.30.   Programmet byr på klassisk kyrkjemusikk, allsong med kor og forsamling, felemusikk og ikkje minst ei messe med lokalt særpreg.

Torgeir Leivdal framfører felemusikk og er «slåttespellmann» i Folketonemessa. Foto: Bernt Bøe

I høve 150-årsjubileet for Todalen kyrkje i 2011 sette Bernt Bøe saman folkemusikk frå Todalen med sjølkomponerte korsatsar til dei kyrkjelege messeledda. I denne «Folketonemessa» hører vi salmetonar etter Tomina Husby og Ane Husby (til satsane Kyrie, Credo og Agnus Dei) og danseslåttar etter Hallvard Ørsal (Gloria, Sanctus og Amen). Folkemusikken er henta frå Edvard Bræins samlingar.

Melodiar etter Tomina Husby og Hallvard Ørsal (biletet) er fletta inn i «Folketonemesse frå Todalen».

Besetninga er kor (Prosjekt 17 leia av Bernt Bøe), fele (Torgeir Leivdal) og piano (Oddveig H. Halle). Sokneprest Vidar Rygh flettar inn liturgiske tekster. Leivdal har også ei avdeling med «lydarslåttar». Allsongen med kor og forsamling spenner frå kjende salmar til tangorytmer. Elles er komponistar som Bach, Handel, Beethoven, Wennerberg og Schubert med i programmet.

Publisert: 11. mars 2019, 06:23