Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalsknøttar i årets første cup

Elinor Bolme Sundag 14. juni 2015

Den største cup-bomba for spente todalsknøttar i dag var nok ikkje resultatet, men at veret var på lag, og huver og buffar kunne ligge att på sidelinja etter kvart. Den opplagte gjengen med forhåpningsfulle jenter og gutar fekk ein fin dag under Surnadal IL sin årlege SILregncup. Laget møtte både sterkare og svakare motstandarar. To seirar mot ØSIL og Rindal, og eitt tap mot IL Søya.

Det var ikkje så mange lag under årets SILregncup. Dette fordi dei i går arrangerte eigen Dråkongcup kun for jentelaga i omlandet. Noko som vart suksess til gangs i følge arrangør og Trollheimsporten : Med fokus på dråkongainn

Under er nokre bilder frå arrangementet i dag. Alle foto Elinor B

Publisert: 14. juni 2015, 18:16