Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalshytta – runda av ein hektisk sesong

Jon Olav Ørsal Sundag 16. august 2020

Etter ein knallgod sesong på Todalshytta er det tid for å runde av årets sommarsesong saman med laksefiskarane.  Det har vore ein heilt eventyrleg sesong, seier Arve Evensen som i sommar har drevet Todalshytta saman med sonen Stian. Dette vart nærast ein prøvesesong for oss, og vi tok sesongen på sparket.  Vi skreiv kontrakt med KNT om leie og drift av Todalshytta i slutten av april, og tok sjansen på at vi skulle få til dette som har vore draumen for oss i mange år. No er restauranten stengt, men vi har framleis ope for overnatting og begrenset servering, seier Arve Evensen.

Det vart iallfall ein hektisk oppstart – 1. juni opna vi døra for å ta i mot turistar og hadde alt da ein a la Carte-meny å by på frå hyttas kjøkken, der Stian rådde grunnen.  – Vi opplevde ein fantastisk respons frå første dag, og har fått mange gode tilbakemeldingar som har vore med og gjeve oss det pågangsmotet vi trengte for å få til dette. A la Carte «trefte folk heime», og vi har hatt mange spisegjestar både her frå bygda, og i området elles.

Stian og Arve har ikkje fått så mange pausar med kaffekoppen under svalganen i sommar. Foto: Jon Olav Ørsal

For oss to har det vore lange dagar med alle «gjøren og laden» som må til for å drifte ei turisthytte. Vi oppdaga fort at det var oppgåver som vi ikkje hadde tenkt på som måtte følges opp, men det har gått bra. Vi oppdaga også fort at overnattingsdelen var sterkast knytt til laksefiskarane, slik som tidlegare, medan fotturistane utgjorde ein mindre del.  

På kjøkkenet har det vore full rulle heile sommaren, fortel Arve. Stian har stått  på for å klare å levere alle bestillingane – enkelte dagar har han faktisk måtte seie nei til nokre kundar.  Det er heldigvis ikkje så mange, men det var eit faktum i den mest travle perioden.

Stian er no attende på skulebenken, men Arve blir på hytta ut september for å rydde opp etter årets sesong og klargjere til neste.  Men hytta er ikkje stengt – Vi har enno ope for overnatting og begrensa servering.    – Men no skal vi evaluere årets sesong som nærast har vore ein prøvesesong for oss. Vi har no god tid til å legge planer for neste sesong, og ser alt no at det er ein del ting vi skal endre på og bli betre på.

Dersom vi skal oppsummere årets sesong, så har det vore ein eventyrleg, morosam og lærerik sesong, seier Arve.  – Men samtidig har det vore utruleg slitsamt. Men vi har som sagt opplevd ei enorm støtte i lokalbefolkninga og nærmiljøet.  – Dette har gjeve oss guts til å stå på.  Vi har blant anna endra opningstida og menyen fleire gong.

Personleg har eg hatt fine stunder ved langbordet utpå bakkan her. Eg er tidleg oppe og har teke med meg kaffekoppen hit for å nyte stillheita og nærheita til naturen. Det har gjeve meg utruleg mykje energi og krefter til å stå på.

Eg og Stian vil seie tusen takk for denne sesongen og ser med spenning og entusiasme fram til å møte dere alle igjen her på Todalshytta til neste sesong – vi gler oss, seier Arve til slutt

Arve og Stian framfor Todalshytta – no gler dei seg til neste seong! Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 16. august 2020, 19:59 - Sist oppdatert: 19. august 2020, 08:06