Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I dag: Balldag på programmet

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. juni 2018

Tysdag er balldag på Todalshytta – førstkomande tysdag (25. juni) er vi i gang med balldag igjen, fortel Jan Larsen og Terje Kristiansen som held koken på Todalshytta.  – Potetball er handverk, så vi har sikra oss Åse Øyen som gjestekokk med spisskompetanse på balldagene i sommar. Det blir servering frå kl 14 og så langt det rekker til kl. 17, kvar tysdag.

Balldagane har vore eit populært innslag, og har bidrege til god kontakt med Todalingane, fortel Jan larsen som er partner og kjøkkensjef på Todalshytta. – på det meste har vi hatt rundt 100 til bords her som har kjøpt vår populære potetball.  Balldagane på hytta har lang tradisjon, og tradisjonar tuller ein ikkje med, supplerer Terje Kristiansen som er dreng på Todalshytta i sommar.

Tysdag er første balldag på Todalshytta i sommar – Åse Øyen er gjestekokk på balldagane i sommar. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Dei to er glad for at Åse Øyen stiller opp som gjestekokk på balldagane, for å lage god potetball det er ikkje heilt enkelt. Men med Åse føler dei to at dei er i «trygge hender».  Og sjølvsagt blir det den sorten og kvaliteten vi er vant til – servert med pølse, poteter, gulrot, kålrot, bacon og løk for den som vil ha det.  Det er også vanskeleg å treffe på med mengden, så vi oppfordrer til å ringe og bestille på førehand dersom du vil være sikker på at du får servering. Bestill på telefon 913 60 708.

Terje og Jan er ikkje så vant med potetball, men dei tykkjer det er godt, og no satsar dei på å bruke sommaren til å lære seg kunsten å lage god potetball saman med Åse.  Tysdag 25. juni er altså årets første balldag på Todalshytta.

 

Først publisert: 20. juni 2018, 22:00 - Sist oppdatert: 27. juni 2018, 20:08