Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalingane åpna Nordmøre Championship med seier

Elinor Bolme Torsdag 24. mai 2018

Ivrige fotballkarar har i år organisert grendacup for passeleg aktive fotballspelarar; Nordmøre Championship. Her er det sett opp seriespel for lag frå Surnadal, Søya, Todalen, Bøfjorden, ØSIL og Halsa/Valsøyfjord. I dag var det seriestart, og temmeleg spent stemning på Øye stadion. Todalen møtte eit antatt betre lag; Trollheim Toppfotball frå Surnadal, men sjokkåpna med scoring av Brage Hauglann Talgø før det var gått fem minutt.

Todalen fortsette å dominere og drog i land ein ganske komfortabel 7-3 siger tross null fellestrening i forkant. 

Dommarcomeback for Rolf Gunnar Hamnes, eller mest kjent som Bobbo.

Steinar Gjeldnes briljerte til tider, og tek lett ein pause etter brassesparkscoringa si.

Knut derimot tok litt skamfull pause etter eit uheldig innkast der han snubla i seg sjølv.

Ein skikkeleg underhaldande fotballkamp for både spelarar og tilskodarar. Trollheim Toppfotball hadde spela mot Søya rett før og tapa knepent 2-1. ØSIL møtte ikke opp for sin kamp.

Laurdag klokka 14 er det duka for runde 2, på Bordholmen. Da får Todalen besøk av både Søya og ØSIL, og det blir nok tre underhaldande kampar. Her blir det åpen kiosk og garantert harde duellar.

Her er resten av kampoppsettet:

Først publisert: 24. mai 2018, 21:52 - Sist oppdatert: 25. mai 2018, 13:49