Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen Skule i 2040

Elinor Bolme Fredag 21. oktober 2016

Tirsdag kveld var foreldre og tilsette ved Todalen Oppvekstsenter samla for å sjå litt inn i tida med tanke på korleis ein vil at oppvekstsentret skal vere i 2040. Kommunalsjef Astrid Mogstad Høivik kom og held ei innleiing omkring eit prosjekt kommunen no har på gang; «Sammen skaper vi fremtiden». I dette prosjektet skal Surnadal kommune i løpet av 2016 og 2017 saman med 9 andre kommunar på Nordmøre skape eit framtidsbilete for sine skular og barnehagar fram til 2040.

Desse framtidsbileta skal skape grunnlaget for ein ny strategi- og handlingsplan for oppvekstsektoren frå 2017-2020. Både i kvar eining i Surnadal og på det regionale plan på Nordmøre. Prosjektet er finansiert hovudsakleg med midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune (1,1 mill) og KS (650 000).

Målet for tysdagens møte på skulen var å starte dette tenkte framtidsbiletet for Todalen oppvekstsenter i 2040.

img_8758

Dei frammøtte vart delt opp i grupper og fekk i oppgåve å sjå for seg følgande: -Kvar er vi i dag? -Kor vil vi? -Korleis kjem vi oss dit?

Alle var samde om at både skule og barnehage vil det være behov for også i framtida. Men korleis læring, og ikkje minst koleis læringa vil foregå var litt vanskelegare å fastsetje.

skjermbilde-2016-10-21-kl-07-24-04

Samfunnet har vore i stor endring dei siste 10-åra, og denne endringa er spådd kjem til å fortsette. Enda raskare, og da må også skular og barnehagar vere framoverlente og sjå på dei utfordringane som kanskje kjem.

Prosjektet er som nemnt stort sidan det omfattar 10 nordmørskommunar i Nettverk Nordmøre. Eit sammarbeid om kvalitetsutvikling av oppvekstsektoren. Prosjektet er forankra hos kommunane sine eigarar gjennom Nordmøre regionråd. Kommunane som er med er Aure, Averøy, Halsa, Gjemnes, Kristiansund, Rindal, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll.

Dette gjer at mange tilsette og brukar blir involvert og berørte, både undervegs og til slutt.

Direkte målgrupper:

  • 10 oppveksteigarar i noværande 2016 kommuner
  • 3 PPT- liarar
  • 120 einingsleiarar, styrarar og rektorar.
  • 200 Ped. leiarar, inspektørar, teamleiarar, ressurslsærarar, IKT-ansvarlege mfl

Indirekte målgruppe:

  • 75 barnehagar med ca. 3000 barn, 850 tilsette og ca. 5000 foresette.
  • 45 grunnskuler med ca. 6800 elevar, 1050 tilsette og ca.10 000 foreldre.
  • Vaksenopplæringa med personale og studentar.
  • Personale PPT m i alt 30 årsverk

Prosjektgruppa er no på rundtur i alle dei ulike einingane for innspel som skal innsamlast og settas saman til eit felles styringsdokument. Innsamlinga er no midtvegs, fortel kommunalleiar Astrid Mogstad Høivik, og vil bli ferdig først i 2017.

 

 

Publisert: 21. oktober 2016, 12:05