Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen skule blir lagt ned frå hausten 2021

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 20. august 2020

Det 100. skuleåret ved Todalen skule, som starta sist måndag, ser ut til å bli det siste ved skulen. I ei orienteringssak til Formannskapet, Hovudutval for Oppvekst og seinare i haust til Kommunestyret orienterer kommunalsjef oppvekst Astrid Mogstad Høivik og kommunedirektør Knut Haugen om at elevtalsutviklinga ved Todalen skule tilseier at skulen frå hausten 2021 blir slått saman med Stangvik skule på Evenshaugen. Bakgrunnen for orienteringssaka er Surnadal Kommunestyre sitt samrøystes vedtak den 13.12.2018 der det heiter:

1)            Dersom barnetalet ved Todalen barnehage blir 4 barn eller mindre, blir Todalen barnehage samanslått med Stangvik barnehage frå 01.08 det året dette eventuelt skjer.

2)            Dersom elevtalet ved Todalen skule blir tjue elevar eller mindre blir Todalen skule samanslått med Stangvik skule frå 01.08 det året dette eventuelt skjer.

3)            Det er barnetalet 01.08 året før det aktuelle skuleåret som skal leggast til grunn. Dette for å

                g) gi førskuleungane eit sikkert mål

                h) gi god tid til sakshandsaming, personalprosess og anna intern førebuing.

4)            Dersom det blir ei samanslåing av barnehagen eller skulen, skal det lagast ei eiga sak om gjenbruk av barnehage- og skulebygget i Todalen.

5)            Ny forskrift for barnehagen sitt opptaksområde og ny forskrift for skulekrinsen skal utarbeidast og vedtakast om ei samanslåing blir aktuelt.  

Elevtalet ved Todalen skule vil etter teljinga 01.08.2020 vere nede på 20 elevar frå hausten 2021 og berre 15 elevar frå hausten 2022.

Todalen fekk, som vi ser av det samrøystes vedtaket som vart gjort 13.12.2018, ein sjanse til å snu folketalsutviklinga, men vi må berre innsjå at vi ikkje har lukkast. Sjølv om det per i dag er fleire busette enn det var 1.6.2018 så går talet på elevar ved skulen ned.

Heldigvis ser det litt lysare ut for barnehagen, her er det i dag 5 ungar med utsikter til fleire frå neste haust, så barnehagen blir ikkje slått saman med Stangvik barnehage i denne runden i alle fall.

No blir det viktig å få til ein god prosess fram mot samanslåinga med Stangvik skule neste haust, slik at ungane får ein trygg og god overgang til den nye skulesituasjonen sin.

Vi reknar med at vi kjem attende til saka utover hausten.  

 

 

 

 

Først publisert: 20. august 2020, 23:25 - Sist oppdatert: 21. august 2020, 11:25