Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Todalen sanitetsforening varmar opp til kvinnedagen

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 1. mars 2022

Todalen sanitetsforening varmar opp til den internasjonale kvinnedagen med å invitere til arrangementet Kvinnehelse: «Det personlege er politisk» i Todalen ungdomshus måndag 7. mars klokka 18:00 – 20:00. Arrangementet vil fysisk gå føre seg på Youngs (nede) i Oslo, men vil, i regi av Norske Kvinners Sanitetsforening, bli strøyma og vist direkte i ungdomshuset.    

Likestilling handler om kvinnehelse og utfordringar om/med typiske skjulte kvinnesjukdommar. Summen av sjukdommane er eit samfunnsproblem og skaper store ringverknader. 

Et ekspertpanel av forskarar og fagfolk vil vere til stades for å diskutere ulike tiltak og løysingar. 

Det blir enkel servering under vegs. 

Todalen sanitetsforening oppfordrar til å møte opp i god tid, da strøyminga frå Youngs tek til akkurat klokka 18:00!

Todalen sanitetsforening ønsker velkommen til fagaktuell kveld som  rører ved kvinner på eit breitt aldersplan! 

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 1. mars 2022, 21:51