Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Toåa – laksefisket startar i natt!

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. juni 2014

I natt blir laksen «fredlaus» i Toåa. I Toåa og fleire av dei små lakseelvane på Nordmøre er starten litt seinare enn i Surna og Driva, som starta alt 1. juni. Fisketida i Toåa har dei siste åra vore frå og med 15. juni, til om med 15. august. Dette gjeld både laksefisket og aurefisket, fortel ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset til Todalen.no.  Bruset er spent på korleis årets sesong blir etter det bedrøvelege resultatet for fjorårets sesong.

fiskestart3_2845

Slik var vassføringa i Toåa laurdag 14. juni. Foto. Jon Olav Ørsal

Optimismen blir heller ikkje større etter som starten i Surna har vore heller laber også i år, og det er fleire elver som  har hatt ein heller svak start.  Vassføringa i Toåa er i dag relativt bra, for det er enno litt snøsmelting i fjella, men vidare utover sesongen er ein nok avhengig av noko nedbør for å få fart i vassføringa. På langtidsvarselet på  YR.NO er det imidlertid meldt regn utover neste veke, så det kan bli både bra vassføring og god fiskarelv etter kvart, med nedbør frå tysdag. Du kan lese meir om laksefisket i Toåa på www.todalslaks.no

Ola Bruset, som er ledar i Todalen elveeigarlag, reknar ikkje med noko stort innrykk med laksefiskarar på startdagen, men det er fleire som har meldt sin ankomst, og dei vil nok være klare til å kaste uti snøret når klokka passerer midnatt. Vi på Todalen.no tek gjerne mot bilder av dei første laksane som får «landkjenning»!

fiskestart2_2848

Golvet i stamfiskhuset er under reparasjon, og vi er difor ikkje klare til å ta i mot stamlakse den første veka, fortel Ola Bruset. Foto: Jon Olav Ørsal

Bruset fortel elles at stamfiskhuset i Brusetmarka er under restaurering. Det var naudsynt å reparere golvet, og dette arbeidet er venta ferdig i løpet av ei vekes tid. Difor er ikkje elveeigarlaget klare til å ta i mot eventuell stamlaks den første veka, men vil informere om dette på Todalslaks.no etter kvart.

 

Publisert: 14. juni 2014, 17:13